Sider

Sideren vår er villgjæra, og ikkje tilsett sukker, noko som gjer at det er ein viss skilnad mellom dei ulike årgangane. Vi har stort sett to til tre ulike siderar til sals.

Vil du kome på sidersmaking? Ring oss på +47 976 81 432. Vi tek imot både små og store grupper etter avtale.

Bakkesider Aroma 2024

75 cl / 37,5 cl / 4,3%

Villgjæra, verken tilsett gjær eller sukker. Inneheld berre safta frå aroma-eple. Lys strågul i fargen. Fruktig i nasen, lett og elegant i munnen, kler å lufte seg litt i glaset.

Bakkesider Disco 2025

75 cl / 37,5 cl / 5,2%

Villgjæra, verken tilsett gjær eller sukker. Denne sideren er basert på discovery-eple frå ein teig på garden med 30 år gamle tre. Har ein djupare gylden farge. Karamellisert eple i nasen, modent syrleg eple i munnen.

Utröna 2025

75 cl / 37,5 cl / 5 %

Ein spontangjæra sider med fylde i smaken, basert på råvarer frå garden, ingenting anna. I tillegg til fermentert aroma- og discoverysaft har vi tilsett litt eikefat-modna issider. Utröna betyr «finne ut av» på svensk, og det skildrar godt korleis vi lagar nettopp denne sideren. Vinden som kjem innover fjorden etter ein solrik dag heiter tilfeldigvis også utrøna.

Polisång-sider 2023

75 cl / 5,9%

Ein halvtørr pet nat-sider, som har fått ettergjære på flaska, og derfor har naturlege bobler. Denne er også villgjæra og ikkje tilsett sukker. Laga av Discovery, Aroma, Filippa frå Bugen, Katja, villeple og prydeple. Polisång betyr kinnskjegg på svensk (polisong), og sideren har fått namn etter kinnskjegget til Peje. 

Issider (utseld)

37,5 cl / 7,5 %

Ein søt dessertdrikk laga av frysekonsentrert saft frå eigne discovery-eple, ingenting anna. Villgjæra, sjølvsagt.

Bruk av alkohol kan gje ulike skadevirkningar. Meir informasjon finn du her.

Alle studiofoto av flasker: Hyke Studio