Hei! Her finn du informasjon om produkta våre når det gjeld sal til HoReCa:

Bakkesider Aroma 2024

4,3 % alkohol, syre: 9,2 g/l, sukker: 22,2 g/l

37,5 cl – 89,- + mva

75 cl – 157,6 + mva

Disco

4,7 % alkohol

Syre: 9,4 g/l

Sukker: 25,8 g/l

Villgjæra, verken tilsett gjær eller sukker.
Denne sideren er basert på discovery-eple frå ein teig på garden med 30 år gamle tre. Har ein djupare gylden farge. Karamellisert eple i nasen, modent syrleg eple i munnen.


Villgjæra, verken tilsett gjær eller sukker. Inneheld berre safta frå aroma-eple. Lys strågul i fargen. Fruktig i nasen, lett og elegant i munnen.

Utröna

Utröna betyr «finne ut av» på svensk, i tillegg er Utrøna namnet på solgangsbrisen i indre fjordstrok.

4,5 % alkohol

Syre: 11,2 g/l

Sukker: 44,6 g/l

Villgjæra, verken tilsett gjær eller sukker. Inneheld discovery- og bramley-saft pluss ein liten del frysekonsentrert discovery-saft, derfor den høge sukkerprosenten. Bramley, eit gamalt mateple som har vore dyrka her på Linge i generasjonar, bidreg med høg og skarp syre. Likevel framstår ikkje sideren spesielt syrleg, smaken blir balansert ut med ein høg andel restsødme.

Pris, begge sortane Bakkesider:

37,5 cl = 87,- + mva

37,5 cl av Utröna er dessverre utseld

I tillegg har vi ein petnat, som heiter Polisång, men denne finst (naturleg nok) berre på 75 cl flasker.