Lingebakken

Vi som bur og driv her er Elida Brenna Linge og Peje Engström med god hjelp frå mor/svigermor Signe og hennar sambuar Tom. I tillegg har vi døtrene Frøydis og Majken.

Lingebakken har vore ein rein frukt- og bærgard sidan vi slutta med kyr på nittitalet. Elida er sjette generasjon på garden. Epla våre pressar vi her på garden, og derfor har vi god kontroll på heile prosessen, frå epletreet vert sett i jorda til safta har gjæra ferdig til sider. Peje er sidermeisteren, og har med seg sin gode gane og fingerspitzgefühl frå mange år i Frankrike.

Garden Lingebakken finn du ytst av fruktgardane i grenda Linge i Valldal. På Linge har det vorte dyrka frukt og bær i generasjonar.

Skrifta vi brukar i logoen vår stammar frå utskiftinga i 1860-åra, då vi vart tildelt dei bratte bakkane vi dyrkar epla i.

Vi dyrkar eple, pærer, plommer, morell og surkirsebær, og dei siste åra har vi også byrja å presse våre eigne eple. Epla, pærene, plommene og surkirsebæra våre er økologiske.

2020 var det første året vi pressa epla våre sjølve, og det resulterte i to typar; ein rein aroma-most og ein rein discovery-most. I 2021 selde vi vår første sider laga av eigne eple. I etterkant har vi også byrja å produsere eplemost av sorten Rubinola, og ein pæremost med 1/3 eple. Både Aroma, Discovery og Rubinola er sterke sortar som eignar seg godt for økologisk dyrking.